Karstenløpet 2024

Laurdag 8. juni 2024 inviterar Dimna IL til Karstenløpet; eit gateløp for born. Løpet arrangerast i Ulsteinvik sentrum.

Har DU lyst til å vere med? Ta med deg ei venninde, ein kompis, bror, søster eller naboen og ta turen!
Du kan melde deg på via:
https://signup.eqtiming.com/.../karstenlope.../g295.45173...

Alle som melder seg på løpet før fredag 7.juni er med i trekning av «goodiebag» med mellom anna signert T-skjorte av Karsten Warholm

Løpet har både start og målgang utanfor Ulstein Arena. Her blir det musikk, felles oppvarming frå scena, og besøk av sjølvaste "Dimnakorren" og Tare. Alle som deltek vil få medalje.

Løpsstart er kl. 13.10, og startnummer kan ein hente frå kl. 12.00 utanfor Ulstein Arena (Fredag er det mogleg å hente startnummer utanfor Sport1 på Blåhuset frå kl. 16.00).

Alle er hjarteleg velkomne til løpsfesten, sjølv om løpet i utgangspunktet er for born mellom 0-10 år.

 
Forrige
Forrige

Motbakkeløpet Å korr bratt

Neste
Neste

Billettar til Bislett Games