Vel overstått Karstenløpet 2024
For ein dag!
Nesten 300 born i alderen 1 til 12 år stilte i dag til start i Karstenløpet ved Ulstein Arena. På trass av dårlige vérmeldingar i dagane før løpet, heldt regnet seg vekke nesten heilt til siste deltakar var i mål. Born i alderen 1-3 år sprang ei distanse på ca 80 meter i Vikemyra, og dei resteranda deltakarane sprang ei løype på ca 250 meter. Fantastisk innsats av alle som stilte opp.
Dimna IL vil gjerne takke alle funksjonærane våre som får slike arrangement til å gå so på skinner, kakebakarane, Gabriel Overvåg som var speaker, sponsorane våre, Sparebanken Møre for lån av telt til påmelding, Mjøl og Meir for fantastiske 300 nysteikte kveitebollar til alle dei flotte borna som deltok og sist men ikkje minst dei kjekke aktive ungdomane våre som stilte opp og hjalp til på arrangementet.
Vi gler oss allereie til neste år 🙂