Oppdaterte klubbrekordar for Dimna IL
Anna G Kleven og Kornelia Roppen har forbetra kvar sin klubbrekord.
Corona har gjort 2020 sesongen til ein spesiell sesong. Det har vore få stemner som våre utøvarar har fått delta i. Til tross for dette har det blitt sett rekordmange klubbrekordar denne sesongen.
Dei fleste av klubbrekordane har eit svært høgt nivå. Denne sesongen har desse bidratt til å auke nivået på rekordane:
Menn
Karsten Warholm: 300 m hekk og 400 m hekk
Ådne Andersen: 5000 m og 10000 m
Iver Saunes Moldskred: Spyd og slegge
Toralv Opsal: Høgde, stav, kule, diskos
Kvinner
Alice Ulle Berg: 60 m og 200 m
Kornelia Roppen: Lengde
Anna Garnes Kleven: Tresteg
Sarah Saunes Moldskred: Stav
Henrikke Antonsen: Slegge
Fride Møller Flatin: 3000 m kappgang