Klubbsekretær i 50% stilling

Dimna IL er den største friidrettsklubben i Møre og Romsdal med omlag 300 medlemmer og ca 180 aktive barn og unge. I Dimna IL går topp og breidde hand i hand og det aller meste skjer på dugnad. For å avlaste dei frivillege søker vi etter ny administrativ ressurs. 

  

Dimna IL søker klubbsekretær i 50% stilling. 

  

Klubbsekretæren utfører administrative oppgåver i samband med 

  • Økonomi; fakturering og bilagsregistrering i samarbeid med rekneskapsbyrå 

  • Reise- og hotellbestillingar 

  • Informasjon; heimeside, sosiale media, spond 

  • Medlemsadministrasjon 

  • Sponsorarbeid; søknader og avtalar 

  • Eigne arrangement 

  • Dokumentasjonsarbeid 

  

Klubbsekretæren jobbar tett med styreleiar, styret og sportsleg leiar, i tillegg til leiarane av utvalga i klubben. Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast. 

  

Løn etter avtale. OTP og pålagde forsikringar. 

Spørsmål rettast til leiar Kjersti Kleven, mob: 918 47 092. Send søknad og CV til kjersti@jkleven.no eller Gamlevegen 91, 6065 Ulsteinvik. Søknadsfrist: 28. juli 2024.

 
Forrige
Forrige

Informasjon Landslagets Friidrettsskule

Neste
Neste

Landslagets Friidrettsskule