Informasjon Landslagets Friidrettsskule

Vi i Dimna IL gleder oss veldig til å vere saman med dokke på årets Idrettsleikar som har fått namnet Landslagets friidrettskule. Vi skal ha det kjempegøy med ulike aktivitetar kvar dag. Vi kjem til å vere tilsaman  cirka 100 barn i alderen 6-12 år, og rundt 15 leiarar. Idrettsleikane startar mandag 12. august og varer fram til fredag 16. august.

 

Stad: Høddvoll Stadion, friidrettsbana

 

Vi møtast kvar dag klokka 09.00 på tribuna ved kiosken under tribunetaket (friidrettstadion). Dersom det er dagar du ikkje kan komme, er det viktig at vi får beskjed så vi ikkje ventar på deg. Vi avsluttar kvar dag klokka 15.00, og då er det viktig at du blir henta eller at vi får beskjed om at du skal gå heim åleine slik at vi er heilt sikre på at du kjem deg trygt heim og har det bra.


Vi håper på sol og masse aktivitet, og det er viktig at alle kjem mette etter frukost og er smurt med solkrem. Vi skal vere ute uansett vær. Så skulle det bli regn er det viktig å ha med regnkle. (Skulle været bli slik at det er uråd å holde til ute vil vi flytte inn i Ulsteinhallen).


Turdag onsdag
Onsdag er det lagt opp til turdag.  Meir info om turdagen vert sendt ut seinare.

Matpakke
Alle må ta med matpakke. Alle vil få drikke og masse frukt.
Programmet for veka vil du få på mandag.


Hugseliste:
- Treningstøy og joggesko
- Matpakke
- Drikkeflaske
- Skift
- Regnkle
Om du eller nokon av dei vaksne lurer på noko er det kjekt om de ringjer oss!

 

Kontakt:
Birte Sætre tlf. 90236266
Maria Elvestuen, tlf. 41264779
Arve Hatløy, tlf. 41476148

Vi sjåast på Høddvoll!
Med vennlig helsing
DIMNA IL, Friidrett

 
Forrige
Forrige

DIMNA IL 50ÅR!

Neste
Neste

Klubbsekretær i 50% stilling